Innlegg

Kaldt på Vinson

To nordmenn har nådd toppen av Vinson Massif, også kalt Mount Vinson, og resten er på vei.

Torkjel Hurtig nådde toppen 13. desember og har dermed besteget alle de Seven Summits! Cato Risløw nådde toppen 25. desember. De opplevde begge streng kulde, og dette er ofte den største utfordringen på dette fjellet. Eksponert hud fryser på minutter, så det er lett å få frostskader.

De andre nordmennene; Vibeke Sefland, Tommy Steinsland, Håkon Åsvang, Siv Harstad og Rita Hexeberg Aarseth er alle i Antarktis, men hvor i løypa de er, er vanskelig å vite da kommunikasjonen er vanskelig. Det er kun mulig via satelitt, og det er dyrt, så da blir det heller lite. Det er også greit å logge av i blant og bare være tilstede.

Cato er tilbake i landet og jeg har allerede fått høre mye fra turen, enjoy!

Cato på toppen av Vinson!

The top of the bottom of the World!

Herlig! 25. Desember 2017 på 4892 moh var himmelen blå, sola skein og skjegget fraus seg fast i ansiktsmaska i 48 effektive minusgrader.

Namgya Sherpa har vore 11 gonger på toppen av Mount Everest! Det er noko å ta inn over seg. Han er ein blid, omgjengeleg og roleg kar. Ein som er behageleg å ha rundt seg, dåke kjenner sikkert til typen.

På veg til Antarktis var eg ovenpå, hadde trent bra, det var kort tid sidan Denali ekspedisjonen, og eg visste at på denne turen var det «berre» kulden å bekymre seg over. Det tekniske var for så vidt enkelt.

No skal det seiast at været vart ei større utfordring enn eg hadde trudd! Det byrja med at ein står klar i ekspedisjonskleda, i 16 varmegrader i Punta Arenas og ventar på at været skulle tillate lift off. Etter nokre dagar

Union Glacier

forsinkelse der, landa vi på Union Glacier, men der vart det berre touch and go!

Me var forsinka og måtte vidare, Namgya Sherpa og resten av gjengen venta på oss ved Vinson basecamp!

Etter å ha skifta fly, til ein twin otter, og seilt avgårde over skyene, som ikkje var skyer, men eit uendelig hav av is, der dei høgaste toppanne såvidt stakk over den harde kvite flata, landa me etter ein ny time i lufta, ved basecamp. Endeleg i gong med klatringa! Trudde me……

Det var to andre team i basecamp, eit russisk og eit amerikansk.

Base Camp

Mens me venta på godvær i 5 dagar før me for til lowcamp, hadde dei andre teama det travelt. Det fekk dei dessverre svi for. Det amerikanske teamet mista 3 telt, og var tilslutt 9 mann fordelt på to små telt, der dei brukte 10 timar på å lage levegger i snø, og legge forholdene til rette for at ikkje campen skulle blåse vekk. Nokon dager etter me kom ned, prata eg med ein av amerikanerne, eg spurte korleis det hadde vore der oppe. «Det var som ein alien tok tak i teltet, og røska det til himmels!» Dei såg aldri teltet igjen, og satt inne i dei to gjenværende teltene i 24 timer, og holdt fast i dei, uten å kunne ete, drikke eller å gå på do! Russerne hadde mista all vodkaen sin, men teltene deiras  var der fortsatt, då stormen la seg.

Namgya Sherpa og teamet vårt var berre nokon få hundre høydemeter lavere, men det var nok til å ikkje merke nokon ting av alvoret som spelte seg ut høgare oppe i fjellet. Det var rundt 4.dagen at Namgya viste meg arret sitt! Han gjekk innover fjellet og trakka i snøen 1,5 timer kvar dag, og eg spurte han kvifor. Han drog opp buksebeinet og viste eit langt bredt arr som strakk seg frå fotbladet og langt over ankelen. Det såg brutalt ut.

Han kunne fortelje at han ikkje hadde klatra på 2 år, og at spaserturene han tok kvar dag, var for å trene opp førligheten igjen, til våren, så måtte han vere klar for Everest. Det kom ikkje til å bli guiding til toppen, men han skulle vere basecamp/logistikk ansvarlig.

Den 5. dagen tok me fatt på vegen til lowcamp, og så var planen dagen etter det, å ta fatt på den 1200 meter Headwallen, der ulykka til Namgya skjedde for to år siden. Veien til lowcamp gjekk på rekordtid, og vi var oppe på under halvparten av det som var rekna som normert tid, og det enda vi hadde lagt inn to små pauser. Det vart til at eg, Anja frå Tyskland (som skulle avslutte sin 7 summit jakt med Vinson, og som også var yngste tyske kvinne til å gjere nett det, ho var nett fyllt 27 år.) og guiden vår Stuart, ein britisk eks militær, som danna team saman. Dei andre i gruppa danna to team til, så me vart tilsaman tre team på vår gruppe.

Low Camp

I lowcamp såg det bedre ut enn det eg hadde forventa, dei andre teama hadde rydda og fått orden etter stormen, men det store fellesteltet/domen, var flata ut, og besto no av 60 kilo med ubrukelege knekkte teltstenger og revet teltstoff. Me sov ei natt i campen, og for vidare opp headwallen dagen etter.

Namgya fortalte det slik, han hadde fått i oppgåve å sikra faste tau i headwall. Med 1200 meter vegg å klatre, betyr det 6 ankerpunkt, med 200 meter klatretau i mellom. Det hadde vore hardt arbeid, og han var nesten ferdig. Han sto på toppen av veggen, langt der nede var det lagt ut nesten 1200 meter med tau. Nå skulle berre dei siste 200 meteren ut av taubaggen. Det var bikkjekaldt, han la fra seg isøksa, han trengte begge hendene. Tauet var fryst seg fast inne i taubaggen, og han prøvde å dra og riste tauet laust. Det gjekk ikkje, han bestemte seg for å gå litt nedover i bakken, og få tak i baggen. Då skjer det som ikkje skal skje. Stegjernet på den eine skoen hekter seg fast i buksebeinet, han snur seg etter isøksa mens han faller framover, men det er for seint og han kjenner at han er på veg utfor kanten.

Mens eg, Anja og Stuart nærmer oss stedet Namgya falt, tar eg eit bilde nedover, bildet viser veggen med har klatra, og isbreen den treffer i bunn. Nokon hundremeter utover breen, ligger ein svær bresprekk som Namgya fyker over, uten å falle ned i, fordi farten hans var så stor.

Mellom Low- og High Camp.
Faksimile: https://www.facebook.com/torkjelhurtig/

Stuart hang i tauene sammen med mange andre den dagen, han sa at folk fekk panikk, så dei såg Namgya styrte nedover i det dei sjølvsagt såg på som døden. Fleire ville koble seg ut av tauene, for å kome seg ned å hjelpe så fort som mulig. Stuart sa at han kunne høre ein som ropte at folk skulle forbli i tauene, ingen kunne overleve det fallet uansett. Ein skulle tenke på eigen sikkerhet, og klatre ned langs tauet, og bruke den tida det tok. Han kunne fortelje at då dei kom ned hadde Namgya løfta hovudet, og vist livstegn. «Sa han Noko så?» Spurte eg. Stuart sa at han hadde sagt «Eg beklager» fleire gonger, han var redd for at han hadde ødelagt klatringen for dei andre.

Seinare fekk eg snakka meir med Namgya i basecamp, han kunne fortelje at han hadde prøvd å skli på magen og albuene, slik at han kunne sjå og unngå å treffe stein, men at han fleire gonger hadde blitt slynga ukontrollert ut frå avsatser, slik at det hadde gått kast i kast nedover. Stegjernet hans hadde satt seg fast i snøen, og ankelen var blitt revet i stykker, med masse kompliserte brudd. Dei måtte vente på twinn otter til basecamp, og han måtte bli frakta ned til flyet på slede. På Union Glacier, måtte han vente enda ei stund før været var så bra at han kunne koma seg på sykehus på fastlandet. Så var kroppen hans så skamslått og opphovna, at dei måtte vente sju dager før dei kunne opperere foten hans.

Namgya Sherpa

Sjølv om Vinson ikkje er det mest tekniske fjellet eg har klatra, fekk historien til Namgya med til å ta ting med ro, tenkje igjennom det meste to gonger, og ta innover meg alvoret. Ein er å klatrer i eit kontinent, der reddninga kan vere langt unna, det er ikkje berre å klatre ned til hovedvegen og køyre bilen sin ut av fjellet om Noko skulle gå galt. Eg har fått telefonnr til Namgya, og han sa det var heilt greit at eg fortalde historien hans til dåke her på bloggen min. Han reiser til Everest i vår, og eg har avtalt at eg skal besøke han året etter, hvis det er så eg skal klatre Everest sjølv. Det hører med til historien at veien frå headwall til highcamp gjekk uten problemer for Stuart, Anja og meg denne dagen😊